Om visa
«Gje meg handa di, ven» er ei vise som Sondre Bratland gav ut i 1988 på eit album med voggeviser. Teksten er ny og melodien er den irske folkesongen «Down by the Salley Gardens» frå 1600-talet.
Visa blir ofte brukt til broderring på slutten av ei dansetilstelling, og då oftast berre med første verset.
Gje meg handa di ven
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.