Categories
Songdans Stordans

Harald Jakupsson og Valdemarsormen

Høyr, no vil eg syngje / om han Harald Jakupsson.
sudidei då sudeli om Harald Jakupsson.
Om trolldomskraft og seid, og om / kampen mot ein orm.
sudidei då sudeli og kampen mot ein orm.

Harald Jakupsson og Valdemarsormen

Melodi: Gard Nergaard // Tekst: Torbjørn B. Lauen
  1. Høyr, no vil eg syngje / om han Harald Jakupsson.
    sudidei då sudeli om Harald Jakupsson.
    Om trolldomskraft og seid, og om / kampen mot ein orm.
    sudidei då sudeli og kampen mot ein orm.

Kom lat oss no syngje her i lag,
lett går dansen heile natta lang.
 

  1. Om Harald vil eg syngje, og / om alt det som han vann.
    Han var jo berre barnet, men / med lagnad som ein mann.

  2. I Galtborg reddast jamt den gong / då ormen drog på jakt.
    Han slåst og drap for fote / slik Valdemar har sagt.

  3. Valdemar den svarte ville / gjødsle jorda raud.
    For Svartefyrsten gleda seg / når gode folk leid naud.

  4. Ormen jaga fritt, vel ut / dei dagane dei tri.
    Den fjerde drog han heim att, då / vart Galtborg atter fri.

  5. I Galtborgs store kjellar er det / mykje som er løynt.
    Eit løyndomsrom vart gøymt, / og sidan vart det gløymt.

  6. Der budde fæle ormen, / i skjul for eitt og alt.
    Der budde stygge ormen, / til Valdemar kom att.

  7. Då Svartefyrsten kalla, då / drog ormen ut på ny.
    I Galtborgs store hallar var det / ingen som fann ly.

  8. I Galtborg kjempa ormen / for Svartefyrstens makt.
    Men mot han kjempa Harald / med sverd og trolldoms kraft.

  9. Med Griffens sverd i handa Harald / kjempa for si møy.
    Ormen eller Harald, / ein av dei lyt no døy.

  10. Med Griffens sverd i handa Harald / kjempa for sitt liv.
    Ormen eller Harald, / kven fell vel so for kniv?

  11. Så lang og stor som fjorden / var Svartefyrstens orm.
    Så olm var han i auga som / ein jotnekalla storm.

  12. Så sterk som bjørnar ti, og / så rask som hestar tolv.
    Mot ormen kjempa Harald / på Galtborgs grøne voll.

  13. Hogg på hogg mot Harald, ormens / tenner beit som pil.
    Harald unge kjempa for / det stod no om hans liv.

  14. På Galtborgs raude voll, / han fall så ned på kne.
    Ormen steig imot han og / ruva som eit tre.

  15. Eit siste hogg frå ormen, / og Haralds liv var tapt.
    Men med Griffens sverd i handa, Harald / var for livet skapt.

  16. Det kvein så kvasst det stålet / når Harald det mun brå.
    Så kløyvde han den ormen / sund i luter tvo.

  17. I Galtborg gledast jamt, den gong / då ormen han låg daud.
    Som helt og dådsmann stor, / drog Harald heim med laud.

  18. Harald Ormebane kom seg / ridande i gård.
    Men ingen der ute / for honom står.

    ———————————

    Rettleiing til teksten:
    Den delen av linja som står etter skråstreken ( / ) blir sunge om att i mellom- og etterslenget.

    I vers 15 og 18 er første ord etter skråstreken ( / ) understreka. Desse blir sunge med triolar første gong, men ikkje i mellom- og etterslenget.

    Om nokon vil skandere teksten skikkeleg hadde det vore kult. Sei ifrå.

Notar

Lydklipp

NB! Teksten kan varier frå siste utgåve av teksten som du kan lese lenger opp.