Om visa
Teksten er skrive av Jakob Sande, og Edvin Helgheim laga melodien.
Tale ved Kleng Spelemanns grav
- Det vart sagt av predikantane som preika på di grav,
at di sjel var til Svartemannen seld,
at frå helvete kom ho, og dit drog ho av,
då du sturta i fylla ein kveld. - Det vart vidare sagt at du var tru i ditt kall,
og for herren din ein nytteleg dreng.
Mange urøynde sjeler kom i freisting og fall,
når du spela burti bygdene, Kleng. - Kvar du kom med dine tølor vart det turing og dans,
folk vart ville so dei rasa og drog kniv,
mang ei gjente har du spela reint frå samling og sans,
so ho skjemde seg for resten av sitt liv. - Og dei syndene som gamlepresten basta og batt,
etter Herren heile livet å ha tent,
slapp du laus at over bygda på ei einaste natt,
når du fingra på ditt satans instrument. - Difor fekk du over gravi det fordømande ord,
som vart sagt av ein velvyrd predikant,
at det var synd du skulde kvila her i kyrkjevigd jord,
og dei fleste sa at preikaren sa sant. - Men dei dømde deg som dårar dei som lyste deg i bann,
for du åtte det som ingen av dei såg,
det var gneisten frå Gud som djupt i sjela di brann,
sjølv um slagget over logane låg. - Du skal siga gjennom brådjup av trengsel og natt,
du skal slipast imot gloande stein,
men frå pinsla nedi myrkret skal du lyfta deg att,
imot høgdene, frigjord og rein. - Og eingong skal du standa for Guds heilage stol,
der påny du skal få stilla din streng,
og i æveleg glans ifrå den nyskapte sol,
skal du spela for Meistaren, Kleng.