Categories
Songdans Stordans

Møllarvisa

Det var nå to skøyarar som lura på ei rå.
Å hei fadi ei ei a.
Korleis skulle dei myllaren si dotter få.
Fio lat lan lei, fio lå.

Møllarvisa

Eller «Det var nå to skøyarar»
  1. Det var nå to skøyarar som lura på ei rå’.
    Å hei fadi ei ei a.
    Korleis skulle dei myllaren si dotter få.
    Fio lat lan lei, fio lå.

  2. Så tok dei den eine og stappa i ein sekk.
    Og så luska dei avsta’ bort til myllarens bekk.

  3. «Å kjære min myllar vil du male mitt konn,
    for det er ikkje rått, der er turka så godt.»

  4. «Men kor ska’ eg sete mitt konn i natt,
    ja så ikkje at rotter og mus tek det fatt?«

  5. «Du kan sete det attmed mi dotters seng,
    for der finns ‘kje ei einaste mus oppi den.»

  6. Då dagen seig av og natti fall på,
    ja, då b’jønte den sekkjen å rusle å gå.

  7. «Å kjære mi dotter du må tenne ditt ljos,
    for her he’ visst kome røvarar inn i vårt hus.»

  8. Då strauk han henne på bleike kinn,
    «Tei still, for det er aller kjærasten din.»

  9. «Å kjære mi mor, du kan sløkkje ditt ljos.
    For det var bare katten som fanga ei mus.»

  10. «Å nei mi lille lure dotter då,
    men ein katt he ‘kje støvlar med sporane på!»

Film

Lydklipp