Categories
Songdans Stordans

Soga om Kark

Og Håkon var oppi Gauldal
på gjestebod eit sted.
I Ladejarlen sitt fylgje
var træleflokken med.

Hei-hå, hei-hå, hei-hå du Tormod Kark.
Vår lagnad den vert lik.
For vi to vart fødd i same natt og saman skal vi døy.
Ein træl vert ikkje fri
om han drep sin jarl for å tene ein annan mann.
For stormenn er like feig og falsk og umoralsk,
så svik du meg, så svik vel kongen deg.

Om visa

Sæmund Fiskvik skreiv visa i 1974, basert på forteljinga om trellen Tormod Kark som opptrer i både soga om Olav Trygvasson og i Fagrskinna.

Soga om Kark

Og Håkon var oppi Gauldal
på gjestebod eit sted.
I Ladejarlen sitt fylgje
var træleflokken med.

    Hei-hå, hei-hå, hei-hå du Tormod Kark.
    Vår lagnad den vert lik.
    For vi to vart fødd i same natt og saman skal vi døy.
    Ein træl vert ikkje fri
    om han drep sin jarl for å tene ein annan mann.
    For stormenn er like feig og falsk og umoralsk,
    så svik du meg, så svik vel kongen deg.

Men bøndene vart arg
og hærpil blei sendt ut,
så Kark og Håkon gøymde seg
for kvar ein bondegut.

Og trælen grov eit høl
med tømmer ovanpå
så Kark og jarlen saman
under grisebingen lå.

Og Kark tok fram ein kniv
i dunkle, djupe grav.
Der drap han Håkon jarl
og kutta jarlehodet av.

På Lade vart det fest
då Kark med hodet kom,
for der satt Olav Tryggvason
så kristeleg og from.

Og trælen fekk si løn
ei løn frå ein monark,
for kongesverdet kvein så kvasst
at hodelaus vart Kark.

Kong Olav med sin hird
til Nidarholmen dro,
og hodene vart sett på stong
og steina båe to.

Lydklipp